ons. maj 15th, 2024

Ein russebuss i Ålesund hadde 40 personar for mange i bussen då politiet stoppa den. Bussen var berre registrert for 30 personar, men politiet talde i overkant 70 personar om bord under køyring.
Føraren av russebussen er meldt til politiet. Førarkortet blei også beslaglagt.
– Det er jo ein type køyring som politiet ser alvorleg på. Det er difor politiet har oppretta sak og beslaglagt førarkortet, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund til NRK.
2024-04-26T23:26:07Z

av