fre. maj 24th, 2024

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) sender laurdag sine kondolansar til Marokko.
– Det er trist å høyre om det tragiske jordskjelvet som har kravd hundrevis av liv i Marokko. Tankane mine går til familiane til dei som er ramma av denne tragedien, seier ho.
Utanriksdepartementet har laurdag bede norske borgarar som er i Marokko om å kontakte familie og venner i Noreg som har vore uroa for dei.
Dei seier situasjonen er uoversiktleg, og at departementet følger utviklinga tett.
Marokko blei ramma av eit kraftig jordskjelv fredag kveld. Over 800 personar er så langt stadfesta døde.
2023-09-09T11:34:43Z

av