lör. jul 27th, 2024

Ein mann i 60-åra er arrestert i Rauma etter å ha skote fleire gonger med hagle i berusa tilstand, melder politiet. Ingen skal vere skadd og pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk. Hendinga skal ha skjedd utandørs i nærleiken av der mannen bur.
– Skytinga har ikkje vore retta mot nokon, men det har framstått som svært skremmande for dei som bur i området. Han har vore berusa åleine, og det er ukjend kva som ligg til grunn, seier operasjonsleiar i politiet Sindre Molnes. Dei vil avhøyre han når det har gått litt tid.
2023-09-08T19:18:29Z

av