Regjeringa set av 300 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024 for å forbetre fellesprosjektet Arna-Stanghelle slik at det kan gjerast klart til oppstart.
– Denne strekninga er viktig for heile Sør-Noreg. I dag er den prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar og skredutsette område, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
I pressemeldinga skriv Ap og Sp at dei prioriterer strekninga fordi dagens veg og togbane gir ein lite effektiv og framkommeleg reiseveg og at det er mange ulykker på strekninga.
– Difor prioriterer vi pengar i statsbudsjettet for neste år. Det er eit tydeleg signal om var ambisjon om å gjennomføre Arna- Stanghelle
Gjennom prosjektet ønskjer Statens vegvesen og Bane Nor å utarbeide ei ny løysing for veg og bane som er tryggare, raskare og meir føreseieleg,
2023-09-03T11:36:24Z