tor. sep 19th, 2024

Donald Trump vil massedeportera migrantar frå Haiti i byen Springfield i Ohio, dersom han vinn valet. Det sa presidentkandidaten under ein tale fredag.
Utsegna kjem etter at han i debatten mot Kamala Harris tysdag hevda at haitiarar i Springfield et kjæledyr.
Styresmaktene seier utsegna sjokkerer lokalsamfunnet, og har ført til at byen måtte stenga skular grunna valdelege truslar. Både ordføraren og politiet i byen avviser Trumps påstandar.
Det bur rundt 15.000 migrantar frå Haiti i Springfield, og dei aller fleste har lovleg opphald i USA.
President Joe Biden sa fredag at Trumps utsegner må ta slutt.
– Det må slutta, det han gjer, sa Biden.
2024-09-14T05:54:45Z

av

Lämna ett svar