lör. jul 27th, 2024

Ein mann i 30-åra er tiltalt for drap og to drapsforsøk etter at han køyrde inn i ei folkemengde i Steinkjer i påsken.
Det skriv Adresseavisen.
21 år gamle Sigve Bremset døde av skadane han blei påført i påkøyrselen.
Det er Statsadvokaten som har tatt ut tiltale etter ordre frå Riksadvokaten, skriv avisa.
Mannen i 30-åra er i tillegg til å vere tiltalt for drap, tiltalt for drapsforsøk mot ei kvinne og ein mann.
Det er planlagt at rettssaka mot den tiltalte 30-åringen skal gjennomførast i slutten av oktober.
2023-10-04T10:28:59Z

av