lör. jul 13th, 2024

Det melder Dagens Nyheter.
Det svenske utanriksdepartementet har fått informasjon frå lokale styresmakter om at svenskar har omkome på Gazastripa, skriv Dagens Nyheter.
Kor mange det er snakk om eller andre detaljar om dei omkomne, har UD ikkje gitt informasjon om.
– Dette er ikkje ny informasjon om har skjedd over natta, men opplysningar vi har hatt sidan oktober, seier pressetalskvinne Nina Kefi til nyheitsbyrået TT.
Nokre dagar etter at Hamas gjekk til åtak på Israel, meldte den svensk-arabiske nyheitskjelda Alkompis at ei fire år gamal svensk jente, saman med veslesystera og mora si var drepne. Det er ikkje stadfesta.
Om lag 400 personar med svensk statsborgarskap er i Gaza, ifølgje Svenske styresmakter.
Det er til saman 7500 personar med utanlandsk statsborgarskap som oppheld seg i området. Sidan Rafah-overgangen til Egypt opna tysdag har litt over tusen av desse fått kome over grensa.
Svensk UD skal kome med meir informasjon i løpet av dagen.
2023-11-03T07:09:49Z

av