tis. sep 10th, 2024

Onsdag ettermiddag trefte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) pressa om situasjonen for dei norske borgarane i Gaza.
Tysdag kveld blei det klart at 51 norske borgarar hadde fått løyve til å forlata Gaza i dag. Tidlegare i dag bekrefta UD at dei fyrste hadde kome seg ut av Gaza.
– Me har fått signal om at fleire kan bli klarert for å reisa ut i morgon, sa Støre.
Den første bussen med norske statsborgarar er full, og forlèt Rafah og set kursen mot Kairo om få minutt, seier statsministeren.
Samstundes ventar framleis meir enn 200 norske borgarar på å få løyve til å forlata det krigsherja området.
– Me er ikkje i mål før alle er ute, sa Støre.
Utanriksminister Barth Eide sa at alle dei 51 som blei klarert for utreise i går kom seg til Rafah og inn på egyptisk side.
– Me har klart inntrykk av at me får fleire nordmenn ut alt i morgon, og jobbar med å avklara antal.
Barth Eide seier vidare at det truleg blir om lag like mange som i dag.
2023-11-15T16:16:59Z

av