lör. jul 13th, 2024

Staten er dømd for brot på menneskerettane etter at ein asylsøkar blei kroppsvisitert og låst inne, melder NTB. Kvinna blei visitert 23 gongar, og låst inne på eit eige rom i opp mot 15 timar kvart døgn.
Hendingane skjedde då ei kvinne var internert på Trandum frå august til desember 2019. Dommen i Borgarting lagmannsrett slår fast at handlingane er brot på norsk lov og internasjonale menneskerettar.
Staten blei frikjend i tingretten, og kvinna blei dømd til å betale staten sakskostnader på 208.000 kroner. Kvinna anka dommen, og saka kom opp for lagmannsretten i september.
Staten er dømd til å betale 40.000 kroner i erstatning til kvinna som blei uttransportert frå Noreg til Etiopia i desember 2019. Dei er også dømde til å betale sakskostnadane til kvinna, som kom på 1,45 millionar kroner.
2023-10-30T12:52:25Z

av