SSB trur renta blir sett opp til 4,25 prosent i september, og at vi med det truleg har nådd rentetoppen. Det kjem fram i dei siste prognosane for norsk og internasjonal økonomi.
– Faktorane som bidrog til høgare inflasjon har snudd. Elektrisitetsprisane har falle, svekkinga av krona ser ut til å ha stoppa opp og inflasjonen er på veg nedover. Dette tyder på at rentetoppen er nær, seier forskingsleiar Thomas von Brasch i SSB.
Hushalda er derimot ikkje helt over kneika enno, for når renta no er forventa å auke litt, vil ho bli på det nivået ut året og også eit godt stykke ut i neste år.
– Det vil gjere at belastninga hushalda får som følgje av rentene, vil komme opp på eit nivå vi ikkje har sett sidan 1990-talet. Det vil leggje en dempar på konsumet i hushalda og bustadprisane. Samtidig vil det setje ein dempar på den generelle økonomiske veksten, seier von Brasch.
Prognosane seier at arbeidsløysa vil auke litt framover, men ikkje meir at vi vil ha ei normal arbeidsløyseutvikling på knappe fire prosent litt fram i tid.
– Dette er relativt gode nyheiter for norsk økonomi samla sett, konkluderer von Brosch til NRK.
2023-09-08T06:03:00Z