ons. jul 24th, 2024

Prisane var 2,6 prosent høgare i juni 2024 enn for eitt år sidan, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Sjølv om prisane er høgare i år enn på same tid i fjor, er prisveksten likevel på veg ned. Dette er sjette månad på rad kor prisveksten har gått ned.
Ifølge NTB er det den lågaste prisveksten sidan 2021.
Den største prisauken er på mat og alkoholfri drikke. Der har prisane auka med 1,9 prosent frå mai til juni, og 4,9 prosent sidan juni i fjor.
Konsumprisindeksen beskriv endringar i prisen på vanlege varer og tenester som hushaldningar kjøper.
2024-07-10T06:00:31Z

av

Lämna ett svar