tis. jun 18th, 2024

– Det er med stor sorg eg har fått den tragiske beskjeden om at Tenjen Lama Sherpa omkom etter å ha blitt tatt av snøskred i Shishapangma.
Det seier Kristin Harila i ei skriftleg melding til NRK
Tenjen Lama Sherpa var sherpaen som tok verdsrekord saman med Harila. Dei to gjekk på dei 14 høgaste toppane i verda på 92 dagar.
Shishapangma ligg i Kina og er 8013 meter over havet. Det er verdas fjortande høgste fjell.
Lama og ein annan sherpa, Mingmar Sherpa, skulle assistere to amerikanske klatrarane, Anna Gutu og Gina Marie. Det skriv The Himalayan times.
Gutu og Mingmar blei funne.
Harila er no i Katmandu, og seier ho vil halde fram å assistere med den framleis pågåande redningsaksjonen, då fleire treng hjelp og støtte.
2023-10-08T19:55:40Z

av