tis. jun 25th, 2024

Den britiske TV-profilen Michael Mosley er funnen død på den greske ferieøya Symi, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Det er ordføraren på øya som stadfestar at den døde er Mosley.
Kroppen skal ha blitt funnen inne i ei grotte, ifølge gresk politi. Han skal mest truleg ha døydd av heteslag og dehydrering, sa ordførar Eleftherios Papakaloudoukas under ein pressekonferanse, ifølge den britiske TV-kanalen ITV.
Mosley har vore sakna i fleire dagar, etter at han ikkje kom tilbake frå ein tur onsdag kveld. Mosley er ein kjent lege og TV-profil i Storbritannia og skal blant anna ha oppfunne 5:2-dietten.
2024-06-09T08:00:24Z

av