lör. sep 23rd, 2023

Russlands president Vladimir Putin har sendt sine kondolansar til familien til Jevgenij Prigozjin, melder Reuters.
Putin seier han har kjent Prigozjin sidan 1990-talet, og sa han var ein dyktig forretningsmann, men at han gjorde nokre feil, melder AFP.
Prigozjin, som leia leigesoldatane Wagner-gruppa, skal ha vore om bord i eit fly som styrta nord for Moskva onsdag kveld. Alle dei ti om bord skal vere døde.
Putin seier hendinga blir etterforska, men at det kan ta tid før ein får vite kva som har skjedd.
2023-08-24T16:00:56Z

av