President i Nord-Korea, Kim Jong-un, kom tysdag til Russland for eit besøk og fleire møte mellom dei to statsleiarane. Onsdag bad han president Vladimir Putin på besøk til Nord-Korea.
Putin har akseptert invitasjonen, melder nyheitsbyrået Reuters. Han har ikkje vore i Nord-Korea sidan han besøkte landet i 2000, kort tid etter at han blei president i Russland.
Reuters skriv at Putin og Kim mellom anna har diskutert nåverande og framtidig samarbeid mellom dei to landa. Kim fekk også ein gjennomgang av tekniske aspekt ved russiske romfartøy, skriv NTB.
Den Sør-Koreanske ministeren med ansvar for eininga mellom dei og Nord-Korea, Kim Yung-ho, seier han er bekymra over samarbeidet mellom Russland og Nord-Korea.
Det er særleg det militære samarbeidet som bekymrar han, skriv nyheitsbyrået Yonhap. Russland har ymta frampå at dei kanskje vil hjelpe Nord-Korea med satellittprogrammet deira.
2023-09-13T23:24:57Z