Politiet i Sør-Øst etterlyser informasjon i drapssaka der ein 30 år gammal mann blei funnen død i Nes i Ådal torsdag, skriv dei i ei pressemelding. Dei ber om at vitne som har sett folk og køyretøy i området i mellom måndag og torsdag om å ta kontakt.
Politiet ber også personar som har køyretøy med dashbordkamera som har køyrt desse strekningane torsdag mellom 05.00 og 18.00 ta kontakt:
– E16 Hallingby til Nes i Ådal
– Fylkesveg 2320 Bjonevika-Bjoneroa
– Fylkesveg 245 Jevnaker-Fluberg brua
Politiet ber også hytteeigarar i området der mannen blei funnen om å undersøke om det har vore uvedkommande i hyttene
2023-08-20T10:52:44Z