tis. jun 18th, 2024

Ein mann som gjekk rundt med ei stor øks på Nordfjordeid i Stad, er skoten med elektrosjokkvåpen, opplyser politiet. Mannen blei observert medan han gjekk laus på bilar med øksa, før han heldt fram mot ein daglegvarebutikk. Ingen blei skadd, men gjerningsmannen er teken hand om av helsepersonell.
– Vi fekk inn fleire telefonar frå folk som var livredde, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.
Klokka 21.30 driv politiet med vitneavhøyr og sikring av åstaden. To-tre bilar har fått store skadar.
– Det er ei stor øks han har hatt, seier Rebnord.
2023-08-24T18:39:09Z

av