lör. jul 27th, 2024

Mannen i 60- åra som fall i ei elv i Bødalen i Stryn i går, døydde av skadane. Det melder politiet i ei pressemelding. Ein større redningsaksjon blei sett i verk etter at det kom melding om hendinga. Mannen blei redda i land etter ei tid og frakta til sjukehus, men døydde seinare av skadane.
Mannen var ifylgje politiet ein del av eit jaktfølgje, og følgjet meldte sjølve frå om at mannen hadde falle i elva. Hendinga skjedde i ei elv som renn frå Bødalen ned mot Lovatnet nær Loen.
2023-09-10T13:09:48Z

av