mån. nov 11th, 2024

Presidenten i Belarus, Alexandr Lukasjenko, seier at han ikkje trur at Russlands president Vladimir Putin var involvert i Wagner-styrten.
– Han er kalkulerande, veldig roleg og til og med ein langsam person, sa Lukasjenko.
Den belarusiske presidenten omtalte flystyrten som «røft og uprofesjonelt arbeid» – dette eit anna argument for kvifor ikkje Putin kan ha stått bak flystyrten.
Lukasjenko sa også at han hadde gitt Wagner-sjef Prigozjin åtvaringar om tryggleiken hans, og at han sjølv ikkje kunne gi garantiar for tryggleiken til Wagner-sjefen.
I same tale sa Lukasjenko at Wagner-soldatar vil bli verande i Belarus.
Det var Alexandr Lukasjenko som forhandla fram avtalen mellom russiske styresmakter og Wagner-sjef Jevgenij Prigozjin etter Wagner-opprøret tidlegare i sommar.
2023-08-25T14:31:01Z

av