lör. jul 27th, 2024

Det melder E24. Laksegiganten Mowi gir seg ikkje i lakseskattstriden. Dei meiner skatten ikkje er rettferdig.
– Me vil reisa sak mot staten via Oslo tingrett, fordi me meiner botnfrådraget knytt til lakseskatten er diskriminerande og i strid med EØS-reglane og dei fire fridomane, inkludert fri flyt av kapital, seier Mowi-sjef Ivan Vindheim til avisa. Han meiner regjeringa har vore tydlege på at det er dei fem store lakseselskapa dei vil ramma.
Vindheim meiner det er i strid med EØS-reglane at dei minste selskapa skal sleppa å betala skatt, og viser til konkurransereglane i EØS-avtalen.
– Me hadde allereie ein grunnrenteskattmodell i Noreg som fungerte utmerka og som var nøytral når det gjaldt storleiken på selskapa. No har regjeringa innført ei ordning som er diskriminerande. Me krev likskap for lova, seier han.
Stortinget vedtok i mai å innføra grunnrenteskatt på havbruk med 25 prosent med verknad frå 1. januar 2023. Opphaveleg var forslaget frå regjeringa ein skatt på 40 prosent.
2023-08-23T04:34:46Z

av