lör. jul 13th, 2024

Søndag fekk 33 lastebilar med naudhjelp reise inn til Gazastripa via grenseovergangen til Egypt.
– Dette er bilar som har hatt det mest naudsynte. Mat, vatn, medisin og medisinsk utstyr. Dette er berre ein drope i havet enn det store behovet som er. Det seier utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp, Arne Næss-Holm til NRK.
FN har tidlegare sagt at det minst må 100 lastebilar til om dagen med naudhjelp for å møte dei store behova.
Kirkens Nødhjelp er ein av mange organisasjonar som har tilsette inne i Gaza. Næss-Holm seier dei fekk kontakt med sine tilsette søndag etter å ha gått utan kontakt. Dei skal vere i god behald.
– Dei beskriv ein desperat situasjon der folk drikk saltvatn. Dei drikk også frå brønnar som er eigna til jordbruk. Enkelte tek også sjansen på å vende mot nord på Gazastripa i rein desperasjon, seier han.
Israelske militære styrkar har tidlegare bede palestinarar på Gazastripa om å forlate dei nordlege områda.
2023-10-30T08:35:55Z

av