lör. jul 27th, 2024

Dryge to døgn etter jordskjelvet i Marokko har minst 2100 menneske blitt stadfesta omkomne.
Spania, Storbritannia, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata er så langt dei fire landa som bidrar i søk i ruinane. Frankrike sin president Emmanuel Macron opplyser at dei er klare til å hjelpe om Marokko ber om bistand.
Det norske utanriksdepartementet opplyste i helga at dei ikkje var kjende med nordmenn som er skadde eller burde evakuerast.
Røde Kors i Kina melder måndag at dei donerer 200.000 dollar til Raude Halvmåne i Marokko.
Skjelvet råka det nordafrikanske landet seint fredag kveld med ein styrke på 6,8. Episenteret var 72 km sørvest for Marrakech.
Ifylgje Verdsorganisasjonen for helse (WHO) er minst 300.000 menneske i byen og fjellområda rundt råka av skjelvet.
2023-09-11T07:28:29Z

av