Bergen Vann har avslutta saka i Kristianborgvannet, der vatnet 10. september var raudt. Lars Jørgen Sørfonn i Bergen Vann stadfestar at dei har forsøkt å nøsta opp i kva som er årsaka til den raude væska, men utan hell. Det regna mykje 11. september som gjorde at det skylte røyra reine, og det har ikkje vore ny tilførsel av væske.
Bergen kommune har sjekka alle kommunale røyr som ender i vatnet, utan å finna noko.
– Vår hypotese er at nokon må ha tømt noko ned i eit vannfang eller ein sluk, som ein eingongshending, seier Sørfonn.
2023-09-19T07:52:59Z