fre. sep 22nd, 2023

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) dropper departementet sin sommarfest i kveld, etter at kline-episoden ved fjorårets fest blei kjend i går. Det melder VG.
Gjelsvik klinte med ein tilsett på førre sommarfest. Han har i ettertid erkjent «dårleg rolleforståelse og dømmekraft» etter episoden. Han omtala sin eigen opptreden som både flau og pinleg.
Kvinna som Gjelsvik klinte med har sjølv sagt at ho opplevde situasjonen som uproblematisk. Statsminister Jonas Gahr Støre har vore kjend med episoden i eit år, og sa til NRK i går at han hadde hatt ein grundig samtale med Gjelsvik i etterkant der han gjorde det klart at det var uakseptabel oppførsel av ein statsråd.
2023-09-15T13:46:18Z

av

Lämna ett svar