lör. jul 13th, 2024

Rudy Giuliani, som er ein av tidlegare president Donald Trumps medtiltalte i saka om valpåverknad i Georgia i 2020, har meldt seg i fengselet Fulton County, melder Reuters.
Kausjonen er sett til 150.000 dollar for Guiliani, viser dokument frå domstolen nyheitsbyrået har fått tilgang til.
Guiliani har avvist påstandane om at han skal ha prøvd å få folkevalde i Georgia og andre vippestatar til å peike ut falske valmenn som ville støtte Trump.
Dei siste dagane har fleire av dei tiltalte meldt seg, og det er venta at Trump sjølv skal kome seinare i veka. Fristen for å melde seg er sett til fredag.
Politiet har frigjort fleire arrestasjonsbilete av Giuliani. Også kalla mugshots.
2023-08-23T19:22:36Z

av