lör. jul 27th, 2024

Ein person skal vere påkøyrd av ein bil ved Solli plass i Oslo sentrum. Politiet skriv at personen ser ut til å vere alvorleg skada. Dei leitar etter bilen, som har forsvunne frå staden.
Politiet seier dei jobbar ut frå fleire hypotesar, og ein av desse er at ulukka ikkje er ei vilkårleg hending. Dei seier dei ikkje har nokon grunn til å tru at hendinga kan påverke tryggleiken til publikum i Oslo.
Den skadde er køyrd til Ullevål sjukehus. Politiet gjer undersøkingar på staden og avhøyrer vitne.
2023-11-26T18:25:08Z

av