lör. jul 27th, 2024

Eit mindre tal stemmesetlar har ikkje blitt tatt med i oppteljinga av stemmer i Askøy kommune. Det skriv kommunen i ei pressemelding onsdag kveld.
I urna var det 144 stemmesetlar frå kommunevalet og 115 frå fylkestingsvalet. Kommunen tok kontakt med Valgdirektoratet umiddelbart etter dei oppdaga urna.
Valansvarleg Anne June Iversen seier dei fann stemmeurna inne på rådhuset. Dei utalde stemmene vil ikkje påverke mandatfordelinga i kommunestyret, legg ho til.
– Det har vi sjekka, og dei mandata som var gjeldande frå første oppteljing, gjeld endå, seier ho til NRK.
Men dei kan likevel ha påverka om kandidatar på dei ulike listene har rykka opp eller ned. Valstyret har kalt inn til ekstraordinært møte i morgon, torsdag, klokka 08, kor dei skal behandle ny oppteljing.
2023-09-13T17:01:58Z

av