Superstjerna Drake tek pause frå musikken for å fokusere på helsa si. Det sa han under eit intervju med radiokanalen SiriusXM. Han seier pausa kan vare i eitt år eller kanskje lengre. Han seier til radiokanalen at han har hatt mageproblem i mange år. Drake har slept 9 album dei siste 13 åra, ifølgje TMZ. Han slapp også eit album fredag kalla «For All the Dogs».
2023-10-06T15:14:33Z