lör. jul 27th, 2024

Ein buss med 75 passasjerar har køyrd av riksveg 62 i Torsby i Sverige nær grensa til Noreg, ikkje langt unna Trysil.
SOS Alarm seier til SVT at dei fekk melding rett før klokka 17, og at det ikkje er meldt om skadde ifølgje dei som melde frå.
Både svensk og norsk redningsteneste skal vere på veg til staden. Svensk politi hadde klokka 17.20 enno ikkje kome fram til staden.
– Vi er på veg med ein patrulje frå Sälen, som er vår næraste stasjon, seier vakthavande Ola Olsson til NTB.
Brannvesenet frå Trysil hjelper svenskane og skriv at det skal sendast ein buss for å hente passasjerane.
Innsatsleiar for brann og redning Knut Skolegården seier til NRK at bussen ikkje har kvelva, men at den står på skakke i grøfta.
Naudutgangane skal vere lett tilgjengeleg slik at evakueringa skal gå lett føre seg.
2024-02-11T16:26:58Z

av