lör. jul 20th, 2024

Mannen som er tiltalt for et drap og to drapsforsøk med bil i Steinkjer, må dømast til forvaring, meiner aktor. Forvaringsstraffa må vere på 15 år, med minstetid på 10 år.
– Hendinga var inga impulshandling frå tiltalte, sa aktor, statsadvokat Kaia Strandjord i prosedyren i Trøndelag tingrett torsdag. Tiltalte i byrjinga av 30-åra nektar for å ha køyrd på personane med vilje. Farlege, tilreknelege lovbrytarar kan dømast til forvaring for å verne samfunnet. Tidlegare domar viser at faren for nye, alvorlege handlingar er til stades, meiner aktor.
Forsvarer meiner dette var ei «klassisk fyllekøyring» og at tiltalte ikkje meinte å køyre på nokon.
–Tiltalte sa i retten at han køyrde opp på fortauet ved ein feil, sa forsvarer Anne Marstrander-Berg i retten torsdag. Tiltalte har erkjent aktlaust drap og promillekøyring. Det er ikkje grunnlag for forvaring, meiner forsvarer.
2023-11-02T09:10:28Z

av